Det heile starta i Gjerdsvika
- året var 1972

Gjerde Rør har røter tilbake til tradisjonsrike rørleggerverksemder, Rørservice og Uri & Sønn.

Palmar Gjerde. Gjerde Rør, Rørservice AS, rørservice uri, gjerdsvika, rørlegger ulsteinvik, rørlegger sykkylven, günder,

Rørservice AS vart etablert i 1972 av Palmar Gjerde i Gjerdsvika. Sidan den gong har verksemda utvikla seg i takt med bransjen og kunden sine behov. I 1985 flytta verksemda til Larsnes, og i 1997 gjekk ferda vidare til Ulsteinvik. I dag held vi til i moderne lokale i Saunesmarka, der du framleis kan treffe på gründaren saman med eit dedikert og erfarent team.

Vi har brei erfaring frå både store næringsprosjekt, offentlege bygg og bustadprosjekt. I tillegg har vi spisskompetanse innan sanitær- og varmeanlegg for større fartøy.

Magerholm, Aursnes, ferge, rørservice Uri, rørservice, uri og sønn, ullavika, gjerdsvika, rørlegger Ulsteinvik, rørlegger Sykkylven, kommersiell rørlegger, bolig rørlegger, reparasjon, inspeksjon, installasjon, service, sanitær, varme, sprinkler

Uri & Sønn AS vart etablert av Øystein Uri i 1946 i Sykkylven, og har sidan den gong drive rørleggarverksemd gjennom to generasjonar. Verksemda har lang erfaring frå store næringsprosjekt, senterutbyggingar, offentlege bygg og bustadprosjekt.

Her har vi særleg spisskompetanse på totalbad, og i Ullavika har vi både showroom og kontor.

Ulsteinvik, rørservice Uri, rørservice, uri og sønn, ullavika, gjerdsvika, rørlegger Ulsteinvik, rørlegger Sykkylven, kommersiell rørlegger, bolig rørlegger, reparasjon, inspeksjon, installasjon, service, sanitær, varme, sprinkler

I 2017 fusjonerte Rørservice Ulsteinvik AS og Uri & Sønn AS, og Rørservice Uri AS vart ein av dei største rørleggarverksemdene i Møre & Romsdal.

I 2025 skifta verksemda namn til Gjerde Rør. I same runde fekk vi ein ny og moderne visuell profil, som står i stil med oss som jobbar her.

Dagleg leiar for selskapet er Frode Gjerde, son av Palmar Gjerde.

Gjerde Rør, logo, rørservice Uri, ulsteinvik, sykkylven, rørlegger

Gjerde Rør skal vere ein trygg, utviklande og inkluderande arbeidsplass. Gjennom eit sterkt fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø vil vi legge til rette for trivsel, meistring og vekst for alle tilsette. Med 30 dyktige medarbeiderar er kvar og ein ein viktig ressurs i arbeidet med å nå våre felles mål.

Gjerde Rør, Miljøfyrtårn logo med tekst "Sertifisert virksomhet". Rørservice uri