Har du sett?

Gjerde Rør har fått eit synleg løft - bokstaveleg talt!

Nye skilt og fasadedekor på plass både i Sykkylven og i Ulsteinvik!

Dette er ein viktig del av vår store satsing på visuell fornying, der målet er å styrkje både merkevara og tilgjengelegheita vår. Med ny dekor og tydeleg skilting er vi no lettare å finne – og lettare å kjenne att.

Dei nye skilta og fasadedekoren er utvikla i samarbeid med dei gode naboane våra i Møre Media. Dei har treft blink med eit uttrykk som er både moderne og tru mot identiteten vår – ein god miks av stil og substans. Med på laget har dei hatt med seg Furene Profilering, som har stått for solid utføring i både produksjon og montering.

Den nye fasaden handlar forresten ikkje berre om utsjånad – den er eit uttrykk for kven vi er, og kva vi står for. Gjerde Rør ønskjer å vere ein synleg, påliteleg og framtidsretta aktør – både for kundar, samarbeidspartnarar og lokalsamfunnet.

Vi håpar du legg merke til fornyinga neste gong du køyrer forbi – og hugs:
Døra er open og vi tek gjerne ein prat – anten det gjeld rørleggartenester eller anna. Kaffe har vi òg!

Velkomen innom!

Foto: Cecilie Hatløy / Møre Media

Foto: Cecilie Hatløy / Møre Media

Neste
Neste

Viktig prosjekt for Ulstein kommune.