Miljø i førarsetet
Miljø i førarsetet handlar om konkrete val. Den nye ID. Buzz‑en er eit synleg bevis på korleis vi kombinerer effektiv drift, berekraft og framtidsretta løysingar hos Gjerde Rør.
VVS - Bustadprosjekt
Gjerde Rør er ein påliteleg samarbeidspartnar for bustad- og næringsprosjekt rundt om på heile Sunnmøre, frå ytre til indre. Vi leverer moderne og driftssikre løysingar innan varme, sanitær og sprinkler, med fokus på kvalitet, tryggleik og effektiv prosjektgjennomføring.
Namn & symbolikk
I logoen til Gjerde Rør symboliserer hexagonen:
Stabilitet – vi står støtt i faget og i marknaden.
Samhald – vi jobbar tett saman, både internt og med kundar og samarbeidspartnarar.
Fellesskap – kvar og ein har ansvar for sin del, men vi utgjer eit sterkt heile.
Eit val for framtida
Gjerde Rør er stolte av å kunne kalle seg Miljøfyrtårn-sertifisert. For oss handlar berekraft om meir enn miljø – det handlar om kvalitet, ansvar og tillit. Når du vel ein miljøsertifisert leverandør, får du ikkje berre solid fagkompetanse – du får ein samarbeidspartnar som styrkar prosjektet ditt på fleire område.