Rørservice Uri - I ny drakt!
Vi er stolte av å presentere vårt nye namn, vår nye visuelle identitet og vår nye nettside!
Rørservice Uri har den siste tida vore gjennom ein omfattande rebranding-prosess og vi er stolte av å kunne presentere resultatet.
GJERDE RØR er det nye namnet! Men ver ikkje redd, folka er fortsatt dei same! Sertifiserte fagfolk med mange års erfaring.
Med ein frisk og ny grafisk profil, ei informativ og brukarvenleg nettside blir det no enklare å halde kontakta med både kundar, samarbeidspartnarar og leverandørar. På nettsida kan du enkelt sjå våre spennande referanseprosjekt og siste nyheiter - alt samla på ein stad.
Vi gler oss til vidare samarbeid med både gamle og nye kundar!
– Vår visuelle identitet, bildebank og nettside er utvikla av lokale krefter - Møre Media.