Skollebakken 1

 

Overlevering av eit viktig bygg for Ulstein kommune

Vi i Gjerde Rør er stolte over å markere overleveringa av Skollebakken 1 i Ulsteinvik – eit prosjekt som har vore og fortsatt er både spennande og samfunnsnyttig. Dei nye omsorgsbustadane står klare til å ta imot bebuarar og tilsette, og vi er glade for å ha bidrege med våre løysingar til dette viktige bygget.

Prosjektet omfattar 20 moderne omsorgsbustadar med heildøgns tenester, samt felles kontorfasilitetar og personalområde. Det nye bygget har eit bruttoareal på om lag 3.500 kvadratmeter, med kontorplassar, mottaks- og venterom, møterom, stillerom, garderober og parkeringskjellar.

Gjerde Rør si leveranse har inkludert:

  • Sanitæranlegg

  • Sprinkleranlegg

  • Varmeanlegg

Foto: Cecilie Hatløy / Møre Media

 

Foto: Cecilie Hatløy / Møre Media

Arbeidet vårt starta med prosjektering i januar 2024, og vi har sidan vore ein aktiv del av byggeprosessen fram til overlevering i januar 2026. Vi er stolte av å levere høgkvalitetsløysingar som bidreg til tryggleik og komfort for både bebuarar og tilsette.

FAKTA OM PROSJEKTET:

  • Oppdragsgivar: Ulstein kommune

  • Bygg: Omsorgsbustadar, ca. 3.500 m²

  • Hovudentreprenør: Peab K. Nordang

  • Andre leverandørar: El-contact, Egset Ventilasjon

Dette prosjektet er eit godt døme på korleis samarbeid mellom fleire lokale aktørar kan skape verdi for heile lokalsamfunnet. Vi ser fram til fleire slike prosjekt i framtida!

 
Skollebakken 1 Fasade Foto av Cecilie Hatløy

Gratulerer til Ulstein kommune - med eit framtidsretta bygg!

Vi håpar at dei gode løysingane skal gi tryggleik og komfort for bebuarar, og samtidig skape gode arbeidsvilkår for omsorgspersonell i mange år framover.

Ei stor takk til hovudentreprenør Peab K. Nordang, Ulstein kommune si eigedomsavdeling med Anne Hestflått i spissen. Tusen takk til alle som har delt av sin fagkunnskap og erfaring inn i prosjektet. Takk til dyktige fagfolk frå El-contact, Egset Ventilasjon og våre eigne i Gjerde Rør.

Neste
Neste

Ny brønnbåt for Rostein