Ro Vanguard – Ny brønnbåt for Rostein

 

Bygg nr. 74 ved Larsnes Mekaniske Verksted er godt i gang: Ro Vanguard blir den tolvte brønnbåten Rostein bygger hos Larsnes Mek. Verksted, og det 20. fartøyet i rederiet si flåte. Oppstarten var i november 2025, med planlagt ferdigstilling i 2. kvartal 2026.

Gjerde Rør leverer sanitær - vacumanlegg - vindusspyling og
varme og kjøling. Arbeidet blir utført av vårt erfarne team:
Jan Magne (bas), Jozef, Janusz og Jakub.

Nybygget er utvikla i samarbeid mellom Rostein AS og Skipskompetanse AS, og får design SK-6000 DEH V. Fartøyet på 3 700 m³ blir ein modifisert variant av LFC 2020-serien, med det nyaste innan teknologi for fiskevelferd og parasittfjerning. Det får hybrid framdrift med batteripakke på ca. 600 kW, TIER III dieselelektrisk maskineri og løysingar som reduserer drivstoffbruk og utslepp. Innreiinga blir tilpassa 12 personar, og skroget leverast frå Marine Projects Ltd i Gdansk i 3. kvartal 2025.

Foto: Cecilie Hatløy/Møre Media

 

Foto: Cecilie Hatløy / Møre Media

Kvifor dette er viktig:

Eit nybygg skaper store ringverknader for verft og underleverandørar i Noreg. Når Ro Vanguard går i drift, vil det representere rundt 15–16 nye arbeidsplassar. Med denne kontraheringa nærmar Rostein seg nybygg for rundt NOK 5 milliardar hos Larsnes Mek, noko som understrekar kor viktig havbruksnæringa er for heile den maritime verdikjeda.

Vi har hatt gleda av å bidra på alle nybygg hos Larsnes Mek dei siste 14 åra – både brønnbåtar og fiskebåtar. Dette samarbeidet er kjenneteikna av høg kvalitet, effektiv prosjektgjennomføring og løysingar som møter dei høge krava til moderne fartøy.

Les meir om prosjektet på Larsnes Mek sine sider:
👉 https://www.larsnes-mek.no/nyheter/rostein-as-har-kontrahert-ny-bronnbat-hos-larsnes-mek/

Neste
Neste

Namn & symbolikk