Eit felles ansvar
Ei historie om fag, erfaring og framtid
I samband med at Lars Petter Bonesmo markerte 20 år i Gjerde Rør, tok vi kontakt med lokalavisa i Sykkylven og Stranda, nyss, for å setje fokus på eit tema som står oss nært: rekruttering til yrkesfag!
Det blei starten på ei sak som handlar om langt meir enn eit jubileum, nemleg om menneska i faget, kunnskapen dei sit på, og behovet for å føre dette vidare.
Frå tradisjon til moderne fag
Gjerde Rør har røter tilbake til det mange framleis kjenner som Uri & Sønn og Rørservice. Sjølv om namnet har endra seg, er mykje av det same solide fagmiljøet med vidare. Fleire av dei tilsette har vore med på heile reisa, frå tradisjonsrik handverksbedrift til dagens moderne rørleggarbedrift.
Vi er stolte av å ha medarbeidarar med lang fartstid, både i indre og i ytre strøk. Denne gongen var fokuset på dei tilsette som har base i Sykkylven, og i tillegg til jubilanten i år, har vi fleire kollegaer der som har vore med oss i over to tiår, mellom anna «Lappen» som har vore i bedrifta i 22 år, og Hilde som jobbar som kundekonsulent og har vore med oss i heile 23 år. Ikkje nok med det, ein av våre mest erfarne rørleggarar, Harald Nygård, er no inne i sitt 44. år i Gjerde Rør. Eit imponerande langt arbeidsliv i same bedrift. Saman representerer dei, med fleire frå teamet i Gjerde Rør, ei unik erfaring og fagkunnskap som er bygd opp over fleire tiår.
Ei velfortent markering
Jubileet til Bonesmo blei sjølvsagt markert internt. Dagleg leiar, avdelinga i Sykkylven og vår eksterne marknadsavdeling, overraska jubilanten med både god lunsj, kake og ei ny sportsklokke til ein aktiv kar. I tillegg fekk vi besøk av Haakon Sand frå lokalavisa, som tok seg ein god prat med oss og vi fekk ein fin artikkel på trykk i Nyss.
Det vart ei hyggeleg markering av ein lojal og dyktig fagperson, og eit lite symbol på kor mykje slike medarbeidarar betyr for oss.
Dørstokken er låg
Under intervjuet med lokalavisa var dagleg leiar Frode Gjerde tydeleg på behovet for fleire unge inn i bransjen.
– Vi har eit stort ønskje om å få inn unge rekruttar til yrket, og dørstokken er låg. Problemet er at det er få unge som kjenner til moglegheitene, fortel han.
Han understrekar at det ikkje nødvendigvis handlar om lange utdanningsløp.
– Dersom det kjem ein 18-åring som likar å skru og halde på med handverk, hadde vi gitt vedkommande sjansen til å prøve seg med ein gong. Vi er heilt avhengige av å gjere dette attraktivt slik at ungdommen har lyst til å kome hit.
Bekymringa er tydeleg:
– Når dei som er hos oss går av med pensjon, har vi ingen til å erstatte dei med.
Uoppdaga ressursar
Cecilie Hatløy frå den eksterne marknadsavdelinga har følgt Gjerde Rør over ei god periode no. Ho har fått eit tydeleg inntrykk av kva slags kompetanse som finst i bedrifta, og kva som står på spel.
– Eg håpar ikkje den kunnskapen og erfaringa denne gjengen sit på går tapt, seier ho. Det er mange unytta ressursar der ute. Unge som kanskje ikkje finn sin plass på skulen fordi dei er praktikarar og ikkje teoretikarar, og så er det ingen som fortel dei kva slags moglegheiter dei faktisk har.
Hatløy håpar næringslivet tek ansvar:
– Ein må opne dørene for desse ungdommane. Dei treng meistringskjensle og eit godt miljø. Eg er heilt sikker på at mange av dei som ikkje maktar skulesystemet, kunne blitt ein enorm ressurs for det lokale næringslivet.
Ein annan veg inn i yrket
Historia til jubilanten, Bonesmo, viser også at det aldri er for seint å velje ei ny retning. Før han blei rørleggar, jobba Bonesmo som tømrar. Det var først som 40-åring han valde å ta fagbrev som rørleggar.
– Det er eit inntrykk av at du absolutt må ta ei utdanning og gå vidare på skule. Men er du skulelei, finst det faktisk andre vegar, seier han.
Han er ikkje i tvil om at valet han tok var riktig:
– Eg angrar ikkje eit sekund. Det einaste eg angrar på, er at eg ikkje gjorde det tidlegare.
Kunnskap som sit i hendene
Både Nygård og Bonesmo er opptekne av kor viktig det er å ta vare på kompetansen som finst i faget. Mykje av denne kunnskapen er ikkje nødvendigvis nedskriven, ho sit i hendene, i vurderingane og i erfaringane som blir gjorde gjennom eit langt arbeidsliv. Når erfarne fagfolk gir seg, står ein i fare for å miste verdifull kompetanse om ein ikkje klarer å rekruttere og lære opp nye.
Eit fag med fleire moglegheiter enn mange trur
Rørleggaryrket i dag er langt meir variert enn det mange kanskje ser føre seg. Arbeidskvardagen spenner frå serviceoppdrag i private heimar til større prosjekt innan bustad, offentlege bygg og maritime løysingar. Faget omfattar både praktisk handverk og arbeid med moderne tekniske system, inkludert energi- og miljøløysingar som blir stadig viktigare i åra som kjem.
Eit felles ansvar
For oss handlar dette om meir enn drift av eiga verksemd. Tilgang på fagarbeidarar er avgjerande for utviklinga i heile regionen. Vi meiner difor at det er eit felles ansvar, både for næringsliv, skular og samfunn elles.
Å bidra til at fleire unge får auga opp for yrkesfag og dei moglegheitene som ligg der. For bak kvart fagbrev ligg det ikkje berre eit yrke, men også ein viktig ressurs for framtida vår.