Klare for oppstart
Sommaren på Sunnmøre vart kanskje ikkje heilt slik mange hadde håpa på. Med regnbyer, grå dagar og lite sommarvarme har fleire tilbrakt meir tid inne enn ute – og for mange har det ført til nye tankar om oppussing av bad og våtrom.
3.august (avd. Sykkylven 10.august) er dei fleste av oss tilbake frå ferie, og klare for full oppstart igjen. Rørleggerar, montørar og badromsdesignarar er på plass i løpet av dei første dagane i august, og vi ser fram til å hjelpe både dei som har starta planlegginga i sommar, og dei som no ønskjer å kome i gang.
Treng du betre løysingar, meir plass, nytt uttrykk, eller rett og slett berre eit våtrom som kjennest lysare og meir moderne?
Våre badromsdesignarar står klare til å hjelpe deg innan få dagar, med alt frå idé og skisser til val av løysingar som passar både rommet og budsjettet.
Badromsdesign — profesjonell rådgiving og 3D‑skisser
Oppstart av rørarbeid — vi set i gang arbeid straks etter ferien
Trygg oppussing — dokumenterte våtromsløysingar
Service og småjobbar — alt frå armatur til avløp
Foto: Cecilie Hatløy - Møre Media
Kvifor vel kundane oss?
Kort ventetid og rask oppstart
Lokal kompetanse og kjennskap til bustader på Sunnmøre
Sertifiserte fagfolk og tryggleik i alle ledd
Heile prosessen – frå idé til ferdig montert bad
Klar for å kome i gang?
Om du har brukt sommaren til å planlegge, eller berre kjenner at det er tid for fornying, er vi klare til å hjelpe deg vidare.
Gjerde Rør ønsker deg velkommen til ein god start på hausten, med eit bad du kan glede deg over uansett ver.
Det gjer ekstra godt her på vakre & våte Sunnmøre.