Møt oss på stand G-07
Gjerde Rør deltek på “Boligmesse i Sparebanken Møre Arena” 26.-28. september i Ålesund.
Vi er klare for årets “Boligmesse i Sparebanken Møre Arena” 26.–28. september! I år blir det ekstra stas, då vi samtidig feirar vår nye visuelle identitet!
Under messa finn du oss på stand G-07. Her kan du slå av ein prat med våre dyktige fagfolk, få gode råd om alt frå bad som faktisk held tett, til smarte energiløysingar som gir både lågare straumrekning og betre samvit – og sjølvsagt får du sjå den nye profilen vår!
Design: Møre Media
Foto: Cecilie Hatløy / Møre Media
Konkurranse med flotte premiar
I samband med rebrandinga inviterer vi til konkurranse – eller Giveaway, som generasjon Z og Alpha helst kallar det!
To heldige vinnarar får kvart sitt gåvekort på 5000 kroner, som kan brukast på rørleggartenester eller produkt frå Gjerde Rør.
For å delta, følg oss på Facebook og/eller Instagram og kommenter kva du ville brukt gåvekortet på om du vann.
Deling av innlegg gir god karma og kanskje betre vasstrykk i dusjen, men det er sjølvsagt heilt frivilleg.
Du treng heller ikkje vere på messa for å delta – men vi håpar du tek turen innom for ein hyggeleg prat!
For både privat & proff
Gjerde Rør leverer tenester til både privat- og proffmarknaden, og har lang erfaring med alt frå små serviceoppdrag til større prosjekt. Vi er stolte av å vere ein lokal aktør som set berekraft, kvalitet og kundetilfredsheit i høgsetet – og som no også har fått ein visuell profil som speglar nettopp det.